Hopp til innholdet

Nordic Days i Nederland

I oktober har vi vore ein tur til Nederland. Heile familien vår bur der – foreldre, søsken og søskenbarn, men også våre eigne døtre og dei tre små barnebarna våre.
Når alle bur i eit anna land, blir det naturleg nok ein del reising for å få vere saman. Dei siste åra har det blitt betydeleg fleire turar enn før, og det er godt å kunne samle litt familietid innimellom gardslivet her på Fossane.

Det er ikkje berre å låse døra og reise frå ein gard. Her er det dyr som skal stellast, eit kraftverk som skal følgjast opp, og gjester som skal takast imot. Heldigvis stilte dei gode venene våre Mo og Carmen opp og tok seg av alt medan vi var borte. Det er ikkje alltid like lett å overlate garden til andre, men med dei går det som regel veldig fint. Det er godt å ha gode folk rundt seg.

Etter nokre kjempefine dagar med familien var det tid for Nordic Days, ei stor messa for alle som er interessert i Skandinavia. I to dagar var det fullt program med stand, føredrag, aktivitetar og workshops.

Vi hadde leigd stand for å fortelje om Fossane gard og alt vi har å tilby. Det fine var at dei som kom innom, allereie var interesserte i Skandinavia. Det gjorde det lett å kome i prat, og vi fekk fortelje om garden, utleigehusa og livet i Ryfylke til mange potiensielle gjester.

Veldig kjekt med mange kjente som kom til Nordic Days for å hilse og kose seg. Her med Lou Anne, ho var hos oss i mai for å hjelpe oss på garden som Wwoofer.

Kjekt når alle trør til. Her er dattera Noor med kjæresten Hugo. Dei forteller enthusiastisk utifrå eigne erfaringar.

Til messa hadde søstera mi fått laga ein ny og flott brosjyre, og VanderLinden Story Studio hadde laga ein film frå Fossane. Mor var med for å rigge vår stand. Det blei ein fin stand med garn, saueskinn og litt andre produkter frå gardsbutikken og med ein stor skjerm for å vise levande bilete frå garden. Det gjorde det lettare å formidle korleis det faktisk ser ut her hos oss.

Dottera var med heile helga, og vi fekk også god hjelp av kjæresten hennes og to gode vener som kjenner Fossane godt. Dei kunne fortelje om staden ut ifrå sine eigne erfaringar. Det var kjekt å stå saman og vise fram ein plass vi alle er så glad i. 

Eg fekk også delta i eit panel om det å emigrere til eit av dei skandinaviske landa. Etter over 20 år i Noreg har eg visst litt å bidra med på det området. Det var ei kjekk erfaring, og som takk fekk eg ei flaske sider frå OmCider. Gjennom Hanen var dei også representert på messa med Hanen stand og sidersmaking. Det var kjekt å bli betre kjende med Hanen folk.

Det ligg mykje arbeid bak det å drive ein gard med utleigehus, og det å nå fram til nye gjester er ein viktig del av arbeidet. På Nordic Days fekk vi møte mange som er interesserte i Skandinavia, og fortelje dei om Fossane gard, husa våre og alt ein kan oppleve i Ryfylke, spesielt i litt rolegare sesonger som haust, vinter og vår.

Vi håpar sjølvsagt at nokre av samtalane på messa fører til at fleire finn vegen hit til oss. Kanskje sit det nokon der heime i Nederland og planlegg neste ferie i Noreg akkurat no?

No er vi tilbake på garden, og kvardagen går vidare. Det var fint å få reise ned, vere saman med familien og samtidig få vise fram Fossane gard på ein heilt ny arena.

Takk for at du las med.
Me deler nye tankar og små glimt frå Fossane gard igjen mot slutten av neste månad.

— Janneke/ Fossane gard

Les meir om utleigehusa våre her → 

Følg oss gjerne på Instagram og Facebook