
Tilboda våre, alle inkluderte i prisen, er fred og ro, aktivitet, moro, menneskekontakt, kontakt med dyr, kontakt med natur.

Me pleier ofte seia at det er eit tilbod at me ikkje har TV (sjølv om dei som verkeleg treng det, kan få låna ein). Vatnet
de drikk på garden kjem frå eige oppkomme og har fått førsteklasses resultat ved analysar. Straumen de brukar vert produsert
av vårt eige miljøvennlege vasskraftverk. Du kan gjerne få ei synfaring der.
Heilskapsopplevinga av Fossane er med og lagar ferien dykkar, og ferien dykkar er med på å laga Fossane. Velkommen til oss!








